Feeds:
Innlegg
kommentarar

Gje meg skisesong!

Ikkje fordi eg likar å gå på ski, men fordi skisport på tv faktisk er kjekt. Dessutan blir eg i så godt turhumør av denne songen, hurra for nasjonalromantiske reklamer for snop! Det som er kjekkast med tur er når ein kan setja seg ned i snøen eller i ei blåbærtue og drikke kaffi og ete kjeks og tenke at ein har gjort ein god jobb. Dessutan er Noreg så vakkert å sjå til.

Er det eit talent eg manglar så er det å halde meg oppreist når eg er fastspent på ein planke eller to. Verre blir det om eg blir sendt ned ein bratt bakke. Dessutan skortar det også på motivasjonen når kvar ein tur endar på sår bak. Eg skal innrømme at eg likar slalom, men berre om eg kan renne rett fram, ikkje alt for fort. Eg likar skisport best på tv når eg kan heie på alle som er nordmenn/kvinner og kjenne meg stolt når dei vinn medaljar. Lat jula og vinteren kome med bitande kulde og varm drikke som kan nytast framfor fjernsynet.

No er det berre seks dagar til eg har bursdag, eg ynskjer meg fritak frå eksamen i gåve.

Pyton lukke

Hehehehhehheheh, no er eg glad (samt litt fornerma over at Sunniva skreiv eit innlegg i bloggen min, sorry darlig, eg sletta det. Tjukke kattar som ikkje er Tiger høyrer ikkje heime her hihi), eg har lasta ned alt av Monty Python! Det skal vere premien til meg sjølv når eg er ferdig med eksamen. No sit eg og sorterar alt pensumet slik at eg veit kva eg må skumme igjennom og kva eg må kunne. Det er ikkje reint lite. Det skal gå bra! Eg gruar meg ikkje, bortsett frå at eg er redd for å ikkje finne fram til idrettshallen der vi skal ha eksamenen. Hehhe, kjekt å vase rundt på Fantoft som ein annan tulling. Eit vaffeljarn er forresten prima til å lage seg ostesmørbrød med skinke og pesto. Berre så det er sagt.

Ser fram til isolasjon med marsvin, store mengder kaffi, musikk og pensum.

Støv på hjernen

Altså, no burde eg eigentleg svette og stresse over å lese til eksamen, men eg er ikkje ein smule nervøs. Ikkje fordi eg trur det skal gå så forbanna bra, faktisk det motsette, eg har ingen ambisjonar om å gjere det kjempebra, eg vil berre stå og få studiepoenga mine. Perfeksjonist som eg er blir eg sikkert sur om det går dårleg, men så lenge eg står skal eg ikkje klage. Til helga skal eg sitje for meg sjølv og ikkje gjere anna enn å lese. No svettar eg heller over husvask, her var ufatteleg skitent, men ein ser det ikkje før ein byrjar å skrape i overflata. Æsj. Det er lenge sida eg har sett så mykje støv på ein gong.

Eg har også fått ny sveis, no har eg undercut på begge sider av hovudet, mykje kort kosehår. Jess!

Søndagskjensle

Det er helg, eg er våken og smått bakfull, eg våkna av kyrkja i dag igjen og det kjennest ut som søndag. Heldigvis er det berre laurdag. Det skal gå bra, eg kan ikkje klage. Det brukte eg store delar av gårkvelden på fordi det var så himla kaldt.

Studentlivet

Eg må berre fortelje at eg no et ein kjøpepizza og drikk ei pils, det er så stereotypisk student som ein kan få det. I dag har eg gått langt og vore sosial og sendt kort til pappa. Kjekkkt. På søndag er det farsdag. Eg saknar pappa, mest på grunn av at han er kul, men også fordi han er flinkare enn meg til å lage fløtesaus. Og så bur han der eg likar meg best. Han har også lært meg å like whisky. Ut i kveld? Ja, eg trur det. Det er eigentleg litt for kaldt til å vere søt i kjole.

Ikkje noko nytt

Er det noko eg er glad i så er det reint sengetøy. Helst skal ein vere rein sjølv når ein legg seg for å sove, det er best. No sit eg med pc-en i senga og prøvar å halde på varmen den avgir, gaffatapen rundt vindauget fungerte dårleg. Eg høyrer på Radiohead, det løftar humøret eit hakk, desverre aukar ikkje temperaturen. I morgon skal eg på seminarmøte og helst gjere meg ferdig med eit kompendium, deretter skal eg i løpet av dagslyset ut med kameraet å ta bilete. Det er så fantastisk lys ute, og med svart-kvit-film i kameraet kan det bli gøy. Eg er dårleg til å ta bilete, eg anar eigentleg ikkje kva eg held på med, men det er så kjekt å sjå kva som kjem tilbake når ein har framkalla ein film! I løpet av helga skal eg også ta i bruk mi nye strømpebukse som skal erstatte den herpa leopardstrømpebuksa eg alltid brukar på fest. Den nye er lys og har svart blondeaktig blomemønster på. Eg skal bli litt meir jentete. Og så skal eg bli flink til å gå med høge helar, så blir eg fin.

21-09-2009 19;34;52Hehehhe, juleferien i fjor, analogt kamera med sepiafilm. Broren min og søskebarnet mitt då han ikkje hadde hår.

Brr kaldt

Eg har nett kome att frå kafé og baconsmørbrød. Eg har prøvd meg på høge helar, det gjekk så som så. Eg er veldig dårlig til å gå med høge helar, eg humpar og sprett liksom bortover vegen. Lite deilig. No trur eg kanskje eg må ta fotbad og massere føtene mine, dei døde på vegen heim. Ute er det iskaldt! Termodress er ønska.

Eg vil attende

Etter å ha sett på London Ink i dag fekk eg mykje inspirasjon til å planleggje neste tatovering. Eg har no googla det meste av idear og har vel eigentleg konkludert med at eg vil ha ei deilig pin-up-dame på arma eller låret, typ 50-talet med bra rumpe. Eg vil attende til Dermadonna Custom Tattoo i Amsterdam, der likte eg meg godt. Eg likte denne kjeksa veldig godt:

 

PinUp49

Girlpower! No fekk eg lyst til å kjøpe ein gul kjole og hjelpe parkvesenet i Bergen med å rake lauv.

Krig!

I dag erklærar eg krig mot mitt eige andlete, eg har fått tilbakefall. Det vil seie at eg i mine auge ser ut som ei kjøtkake. Eg er ikkje typen til å grine over ei einsam kvise, eg har monge av dei og dei er låke, raude og ekle. Eg har ikkje gått på antibiotika i tre år og roaccutan i eit år for å gå tilbake til å vere ekkel. Dagen har eg brukt på å halde meg innandørs dynka i bruidelin(?)-salve og spenol med jamn vasking i reint vatn. Eg hatar huda mi. Eg hatar å hate huda mi. Æææh!

For å halde meg unda vonde tankar skal eg i kveld sjå Priceless og sovne til den. Eg trur eg vil gjere til vane å sovne til filmar med Audrey Tautou, takk.

Bipolar dag

I dag er eg eigentleg litt tom for humør, eller, det er litt dobbelt opp, eg klarar ikkje bestemme meg for om eg skal vere glad eller trist. Ein kan seie at eg er relativt nøytral. No sit eg i på rommet i nypåskifta seng med ein kopp te og les offisielt på pensum. Uoffisielt sit eg her og bloggar om intet og leser andre sine bloggar. Mykje kjekkare. Elles så sit eg å vurderar påmelding til smalltalk-kurs, eller kurs i å snakke til andre utan å frike ut og få kompleks for alt generelt. Det hadde vore saker det! Stephen Fry er bipolar. Han er kul. Britiske komikarar har ein tendens til å vere kule. Anna frustrasjon eg kan kome med er at eg har lasta ned Monty Python i ei veke no, men det går så himla seint! Eg vil sjå det no i staden for å lese til eksamen. Det er tusen gongar meir morosamt:

Lite samanheng, mykje prat.

Eldre innlegg »