Om du aldri har smakt grøn sun-lolly med druesmak har du gått glipp av noko godt. Eg har no ein heil pakke klar i frysaren og har planar om å ete heile pakken aleine. Dessutan skal eg sjå filmen Bolt, gledar meg til å sjå duene. I dag er det også berre 8 dagar til faren min kjem heim frå andre sida av jorda, det likar eg aller best av alt. No er eg heime i huset mitt og skal ta ei kald øl etter ein slitsom dag på jobb, i morgon skal eg sove lenger enn nokon sinne, eg har mykje dårleg søvn å gjere opp for. Dessutan vil eg få med meg nokon på hytta snart. Kva er det med null innlagt vatn, toalett og straum som ikkje freistar?