Denne songen gir meg ikkje berre ei varm kjensle under trøya, men også skikkelig god sumarstemning. Mest av alt skulle eg ønske eg kunne vere ei laus groupie-jente på konsert, men eg trivst godt med å berre høyre deilig musikk (som også inkluderar sommarmusikk som Robyn, Jimi Hendrix, Belle & Sebastian, Two Gallants, Goldfrapp, Queen, The White Stripes og mykje anna som gir meg godkjensla. Eg har enda ikkje slått rot i ein sjanger og tykkjer det er gøy). Eg skulle verkeleg ønske at eg hadde ein Mp3-spelar med større kapasitet enn 1 Gb.
I dag skal tida mi gå med på å fare på botnasanden og bade, ete frukt, sole meg, leike med små søskeborn og sikkert ete ein is eller to. Det er skikkelig deilig å ha pappa heime igjen, ei stor bekymring er letta frå skuldrane mine. Kjenner eg oss rett blir det mykje grilling dagane framover, og på måndag køyrer vi strake vegen til Bergen med mitt første flyttelass. Så blir det ein liten svippom til London på shopping før eg må attende til Norgen og jobbe.
Sumaren er bra.