I morgon skal eg tilbringe fleire timar i ein bil med ei seng på taket og bagasjerommet fullt, det første flyttelasset til min nye bustad skal avviklast. Men først må eg ta føre meg dagen i dag; jobb i fem timar, deretter pakke tinga mine ned i kasser eg har knabba frå jobb, så pakke ein bag med klede som skal vere med meg både til bergen og London, etter det håpar eg på god middag i frå papsen, og til slutt må vi leggje ein plan for korleis vi skal feste senga mi til biltaket.
Eg er no i gong med frukosten som består av toast med nugatti og eit glas mjølk, sikkert ikkje det luraste pålegget eg kan ete om eg vil ta vare på tennene mine, dessutan driv visdomstennene mine å veks ut, noko som ikkje er spesielt behagelig.