Onsdag skal eg for første gong til London. Eg har store visjonar om å ikkje vere turist, men å gli inn i miljøet. Hadde eg hatt nok mot skulle eg ha kledd meg som anten Edina eller Patsy i “Absolutely fabulous”, røykje masse sigarettar og drikke sprudlevin (sjølv om sprudlevin smakar uanstendig), men det ser ut til at eg sikkert kjem til å sjå ut som alle andre normale folk. Eg berre håpar på at pappa har slutta å bruke rompetaske når han er på ferie.
Det triste er at eg har eit stramt budsjett på omlag 2000kr som skal dekkje kafébesøk, mat, alle kleda eg har lyst på og taxfree-shopping. Damn. Dei gode nyheitene er at eg får både feriepengar og lønn få dagar etter heimkomst, så turn til Moldejazz blir i det minste ikkje fattig!
Med tanke på at eg sikkert er utan Internett i ei veke vil eg også gjerne dele ein ide til tatovering som eg drøymde om i natt; ein autentisk 90-tals kassett med bandet røska ut, omringa av jordbærblomar/plantar. Det hørtest kanskje litt rart ut, men i hovudet mitt er det veldig fint. Eg må starte eit sparefond til neste tatovering.