Ikkje fordi eg likar å gå på ski, men fordi skisport på tv faktisk er kjekt. Dessutan blir eg i så godt turhumør av denne songen, hurra for nasjonalromantiske reklamer for snop! Det som er kjekkast med tur er når ein kan setja seg ned i snøen eller i ei blåbærtue og drikke kaffi og ete kjeks og tenke at ein har gjort ein god jobb. Dessutan er Noreg så vakkert å sjå til.
Er det eit talent eg manglar så er det å halde meg oppreist når eg er fastspent på ein planke eller to. Verre blir det om eg blir sendt ned ein bratt bakke. Dessutan skortar det også på motivasjonen når kvar ein tur endar på sår bak. Eg skal innrømme at eg likar slalom, men berre om eg kan renne rett fram, ikkje alt for fort. Eg likar skisport best på tv når eg kan heie på alle som er nordmenn/kvinner og kjenne meg stolt når dei vinn medaljar. Lat jula og vinteren kome med bitande kulde og varm drikke som kan nytast framfor fjernsynet.
No er det berre seks dagar til eg har bursdag, eg ynskjer meg fritak frå eksamen i gåve.