I dag har eg frivillig isolert meg frå omverda for å lese til eksamen. Sarah og Lars er i Oslo og skal på konsert, noko eg verkeleg misunnar dei for. Eg har tatt på meg ansvar for leiligheita og to søte marsvin ved namn Snø og Batman, no sit eg her med varmeovn, rykande varm pulverkaffi og ein bunke med litteratur som skal mentalt fortærast. Ute er det kaldt og snart skal eg på oppdagingsferd til rema 1000 for å finne meg litt middag og juice.
Dessutan fekk eg nett ein telefon frå Dyrebeskyttelsen i Bergen som lurte på om vi kunne passe på ein søt liten damepus som hadde fått to kattungar i dag. Dei tre kattane skulle vere med veterinær til i morgon for å vere sikker på at dei har det fint. Om dei ikkje kan finne nokon som kan ta vare på godklumpane samanengande i to månadar, så skal vi ta vare på dei fram til jul. Eg håpar verkeleg at vi får ansvaret! Lengselen etter noko pelskledd å kose på er stor, heldigvis har eg substitutt-marsvin denne helga då. Hihi.
Nei no! Eg må setje i gong med det eg eigentleg skal gjere no. Lese, og lese enda meir. Æsj.