Eg har kome attende etter min andre tur ut i frisk luft i dag, ein liten tur på butikken for å kjøpe grandiosa, juice og påsmurt lefse. Eg har lese mykje i dag, no gjenstår berre kompendiumet og skumming gjennom Berger & Luckmann. I morgon skal eg halde fram med nettopp dette og lage eit gigantisk tankekart som oppsummerar det heile. Eg har også høyrt på radio i heile dag og fekk til og med sjefslista mi spelt på P3, då vart eg glad. Endeleg fekk eg vidareformidla genistreken The Dead Weather. Hah. Grandiosaen står i ovnen og kosar seg, marsvina sprett rundt på golvet, og når eg er ferdig for dagen skal eg konsumere siste slump av Jack fordi eg kan. Eg trivst i mitt eige selskap, dessutan er det kjekt å spionere på naboane.