I dag er det Laurdag. Etter å ha sove til klokka var nesten halv to så har eg hovudsakleg levd eit innhaldsfattig liv der eg har åte frukostblanding og grandiosa i mellom leseøktene. Ein tur på butikken for å kjøpe øl og banan er det einaste eg har gjort utanom dette. Wow. I natt hadde eg ein ganske artig draum, eg var i England og gjekk siste året på bachelor i lydproduksjon. Eg var av ein eller anna grunn over snittet kul, overalt kvar eg gjekk fekk eg kommentarar på kor kule klede og kor generelt kul eg var, kva er det undermedvita mi no vil fortelje? Uansett så delte alle elevar ei lita leiligheit med ein medelev, min medelev var ein rocka transvestitt som etterkvart vart min beste ven. Vi sminka kvarandre og spelte inn songar saman, det heile var veldig idyllisk. Alle dei andre på skulen var sjalu på oss fordi vi var slik ein kul duo. Heile draumen var litt som ein dårleg disneyfilm om ungdommar når eg tenkjer meg om. Eg trur eg konkluderar med at det er eit teikn på at eg skal følgje livsløpsdraumen min til hausten. Evt. få ein jobb i butikk..