Eg er våken, men ikkje oppegåande. Lat oss håpe kaffien set ting i sving. I dag skal eg lese i den kjipe boka og notere viktige ting eg ikkje må gløyme. I morgon er det eksamen, noko eg eigentleg ikkje tenkjer så mykje på anna enn at eg må stå opp uhyre tidleg for å kome meg på ein buss til ein turnhall ein kvan stad. Eg kjem til å vere svett, kvalm, svimmel, låk i hendene mine og generelt kritisk til alt og alle.
Eg klarar ikkje konsentrere meg, eg har no kasta vekk ein time på å lese andre sine bloggar om innhaldsrike liv og ballongar og kjærleik. Eg vil ha sumar, festival, sol, musikk, kjolar, øl, rangling og alt anna som er kjekt. Snart er det vinter og julestress, eg skal ha eksamen og skrive oppgåve og ha breiddetest. Dei få vekene eg har att i hærlige Bergen er fulle av stress og prestasjonsangst. Eg lyt sørge for å ha det kjekt i helgene og ta bilete medan det framleis er dagslys ute. Det er ein ting eg gledar meg til; å renne på kjelke. I termodress. Kakao etterpå. Ah. Eg saknar ting eg ikkje har frå før, mellom anna akrylmaling, lerret, fine penslar, film til kamera, vottar, eksotisk te, ein fin cardigan (som ikkje er ein gammal genser) og mykje anna fint. Eg har bursdag om to dagar, tenk på det! Eg blir heile 19 år, æsj.