Feeds:
Innlegg
kommentarar

Arkiv for kategorien ‘Uncategorized’

Nokon vil kanskje seie at det ikkje er rett å leggje ut bilete av bakenden sin på nettet, men dette ser eg nesten på som eit forskningsprosjekt, sjekk fargen då! Dette kan bli ei artig utvikling..

Read Full Post »

Ah finitå

Denne tittelen har for meg  to betydningar:
EG ER FERDIG MED SÆREMNET,
og eg sit no og studerar tåa mi, eg har nemleg ei som er ganske lang. Eg kan altså skryte på meg at eg sikkert har ei tå nr. 2 på 3-4 cm, noko som er ganske langt om ein skal måle den i mot [...]

Read Full Post »

Heitaste mennesket nokon sinne.
Rebbis: “Ta å so sett på nåke porno no då!”

Read Full Post »

Ah, det er hardt arbeid å surfe på finn.no i forsøk på å finne ein fint-brukt telefon/Ipod evt. Iphone (med mindre rykta om Iphone er korrekte og det produktet ikkje er verdt å eige), eg blir reint svett av det. I tillegg er eg opptatt av å prøve å finne ein stad å bu i [...]

Read Full Post »

No skjedde de alt for masse oppe i skolten på en gong. Offda.
Pilsing, Vh1, koz.

Read Full Post »

Heiteslag

No er det særs varmt ute. Sola skin, fuglane kvitrar og vegarbeidsfolka utanfor huset mitt er flittige med å leggje asfalt. Eg har stort sett holdt meg inne i dag, mest i kjellaren (aka Skalken) for å halde meg ved ein komfortabel temperatur og for å gjere nytte for meg. Vi held på å pusse [...]

Read Full Post »

Fann eit festleg bilete av meg og søskenbarna mine frå i fjor. Dei kjem i morgon då blir det jammen leven. Oida.

Read Full Post »

Raude blad

For ikkje så lenge sidan oppdaga eg eit nytt tred eg kan klatre i, det er stort og gammalt og står rett ved sidan av eit anna stort tred med blodraude blad. Det grøne og raude blandar seg så fint. Trur nesten eg må ta bilete av  det ein gong. Stemninga blir delvis krenka av [...]

Read Full Post »

I dag vitja eg tanketredet. Klokka var halv ett om natta og eg for dit ved hjelp av sykkel. Det var med blanda kjensler at eg klatra opp. Eg oppdaga i alle fall ein ny ting om meg sjølv: eg har null tillitt til andre menneske, ikkje ein gong meg sjølv. Det fann eg ut [...]

Read Full Post »

Nemleg, sol. Kan du tru det? Nei ikkje eg heller eigentleg. Men ho er der og varmar i ei ellers så iskald verd.
Nett no sit eg på eit klasserom og redigerar nokre flotte og unike opptak som vi
på lyd-gruppa har produsert. Vi har laga ein metal-versjon av songen
“Hang Down Your Head Tom Doley” heilt sjølve! Kven skulle tru noko slikt.
Vi prøvde oss også på ei innspeling av “Jolene” (The White Stripes inspisrert sjølvsagt), men det vart ikkje nokon umiddelbar suksess.
Eg må få påpeike at vi ikkje er musikkelevar, berre simple mediaelevar som
ikkje kan så godt å spele på instrument.
Eg svergar, neste gong skal eg ta med meg saxofonen
(som eg ikkje kan å spele på).
Denne helga skal eg fantastisk nok jobbe i totalt 2 timar og
passe born ei lita stund. Ellers skal eg lage ei liste over
middagsmat den komande veka.

Read Full Post »

Eldre innlegg »