Feeds:
Innlegg
kommentarar

Humørbitar

I dag skal eg la youtube hjelpe meg å uttrykkje humøret og stemninga så langt:

Sånn. Det regnar ikkje i dag.

Tidleg varm kveld

Klokka er knapt halv ti, men eg skal prøve å leggje meg tidleg i kveld, det har vore lite søvn i det siste. For å gjere meg sjølv så trøytt som mogeleg sit eg og gjer ingenting. Det er løgn, eg held på å laste ned Den fabelaktige Amélie frå Montmartre slik at eg kan sjå den til helga, no er det så ekkelt haustvær ute, noko må gjere meg glad. Filmen er så fin, og musikken er ein fryd:

Eg har lyst til å stikke av til Frankrike, drikke vin og bade! Kom, bli med.

Lydane!

No får eg ikkje sove, så i staden for å late att augene og la hjerna mi gå bananas, så fokuserar eg mitt hyperaktive humør på å sakne lydproduksjon. Eg er velsigna med god hørsel og kritisk sans mot alt, ting som kan kome godt med når ein skal leggje effektar på animasjonsfilm eller redigere opptak. Eg saknar å kunne sitje i timesvis med eit lydspor og jobbe med å fjerne støy og få alt til å høyrest deilig ut. Eg har nokre favorittlydar: tørre blad i vind, brennande ved, hud mot hud, knitring i godteposar, føter på grus, smatting når folk et is, purring/maling frå kattar, koselydar ein lagar sjølv om man ikkje er klar over det, penn mot papir, avløysarlyden på kameraet mitt, fresing i steikjepanne, lyden munnen min lagar når eg skal smile.

I morgon må eg stå opp tidleg for å følgje gjestane til bussen og deretter lese noko pensum før eit gruppemøte på skulen. Heile seks timar med søvn, eg kjenner presset.

Husmortendensane

I dag har eg sotte på baken stort sett heile tida, eg har pleia mitt vonde hovud frå gårsdagen. Eg var ein glad katt, men grunna rangling og konsum av øl måtte eg ta søndagen litt ekstra med ro. No har eg nettopp hatt litt arbeid med å utfylle rolla mi som husmor, hengt opp klesvask og vaska oppvasken, sortere pant og papp.  Eg har åte heimelaga krans med makronfyll og vaniljekrem som Sunniva diska opp med, i dag har vi ikkje laga middag, berre åte godis og drokke mykje brus. Altså ingen verdsomfattande ting som har skjedd i Bergen i dag, i alle fall ikkje for meg.

Kattekveld

I kveld er eg kledd ut som katt, omtrent slik som resten av Noregs befolking, bortsett frå dei som er vampyrar. Eg drikk øl, og eg har laga deilig middag med kylling, fløtesaus og ovnsbakte poteter. Kjensler ein kan ha på ein og same dag: Nøytral, glad, sliten, låk, svolten, mett, glad, fjortis, teit, fjollete, glad, smått full, nøytral.

Festivitas

For ein gongs skuld har vi besøk leiligheita, no har vi besøk i frå Volda og vi drikk vin og røykjer vasspipe, det er kjekt. Eg likar å ha jentete kveldar der ein prøvar på seg kjolane til kvarandre. Å gi klemmar til dei dei er glad i er heller ikkje å forakte. Til sist er det valets kvalar i morgon: skal eg vere sexy vampyr eller smaklaus brite(typ Edina i Absolutely Fabolous). HAH

Stikkord for ein torsdag

Fridag, kaffi, omelett, lese, tenkje, facebook, klesvask, fjernsyn, handle, wok, brødbaking, kvalm, gelé, sove.

Frampeik

Eg finn det vanskeleg å konsentrere seg når eg veit om ting som skal skje som eg gledar meg til. Det kan vere små ting som god middag eller ein kopp kaffi, eller det kan vere at eg får besøk i frå Volda i morgon, at det er helg i morgon, at eg skal ut i helga og at eg skal kle meg ut. Dette er berre nokre få eksempel. Eg gledar meg også til konsert og bursdag i november. Eg gledar meg til å sove i kveld. Eg gledar meg til det kjem fleire episoder av True Blood. På måndagane brukar eg å glede meg til lokalavisa kjem i postkassa slik at eg kan lese dei artige notisane om helgefyll på bygda.

No har eg vore flink, gjort eit ærlig forsøk på å ikkje vere paranoid og greier. Forresten så har Nordpolen forflytta seg inn på rommet mitt, vindauga var mindre isolert enn eg trudde. Løysing på problemet: Varmeovn og gaffatape rundt vindauget, I is handywoman.

I dag har eg dilla på denne:

Kven er eg? Pysa!

Eg har tenkt litt i dag, som alle andre dagar. Det er ein grunn til at eg har tilbrakt lite tid på sjukehus med brotne bein og skader. Eg er svært så forsiktig av meg, eg er rett og slett ei svær pyse. Eg har vore på sjukehus på grunn av svært få ting: Farfar døde, andre i familien har vore sjuke, ein gong skulle eg eigentleg operere vekk ein klump med brusk i handa, men så gjekk den vekk av seg sjølv(høfleg var han), sist men ikkje minst så har eg vore mykje på hudklinikken på grunn av kviser. Skikkelig bad-ass, kviser på skuldrane og i andletet som gjorde meg meir usikker enn alt anna. Eg har dei framleis litt sjølv om eg gjekk på heftig medisinering, men eg fann ut at eg kunne vere morosam og omsorgsfull i staden for vakker, og så blei det slik.

God eigenskap å vere i besittelse av om ein vil behalde helsa: forhold deg skeptisk til alt, spesielt andre sine rare idear om å hoppe frå høge ting eller kjøre fort på ski. Eg held meg godt planta til jorda takk skal du ha. Observasjon og tystnad er noko eg trivst godt med. Eg er pysa som går sist ut i det kalde vatnet for å seie det slik.

Eg er han til høgre:

scared dog.jpg-for-web-normal

Ah, godt å få dagens sjølvkritikk ut av systemet, ettersom eg stort sett aldri seier til nokon kva eg tenkjer på så er blogg ein fin ting å ha. Enda betre er det at eg ikkje har mange treff, få veit om meg. No skal eg klage litt over at eg også har låkt i tennene mine, eg må ha hatt ein veldig dårleg draum i natt for eg beit tennene hard saman når eg vakna. Ikkje godt. No skal eg lese i ei pensumbok og prøve å leve opp til rolla mi som student.

Awrait

I dag er det allereie ein bra dag. Eg sov nesten ingenting i natt fordi eg berre ville sjå neste episode av True Blood og hadde mange emne som måtte diskuterast med meg sjølv, men eg kom meg opp til slutt i dag. Først så jobba eg med nokre øvingsoppgåver, så møtte eg Sarah for å ordne gåve til mamsen som har gebursdag i morgon(!<3). På veg til kafé får eg kjekk telefon frå ein random leveransemann som ville gi meg iPoden min, endeleg! Så eg gjekk kjempefort og møtte han utanfor politistasjonen(eg tykte det var ein litt rar møteplass, men det funka). No sit eg med eit glis om munnen og synkroniserar songar inn på den smekre lilla saken. Eg likar duppedingsar når dei har fin farge og gjer at eg kan isolere meg enda meir frå omverda når eg er ute og går. Huhei!

« Nyare postar - Eldre innlegg »